8/06/2013

Skappel på Magni-vis


Skappelgenser-feberen herja som verst i fjor haust fekk eg lyst på ein mjuk og varm genser og krype inn i. Men utan skappelkropp ville eg ha noko mindre firkanta med litt meir fasong. Då måtte eg tenke litt sjølv. Det tok tid med både strikking og tenking, men genseren vart ferdig i tide til denne hausten og vinteren. Og i dag kjennest det litt ut som om hausten er på besøk. 


Eg fall for dobbel tråd med fluffy mohair (Påfugl frå Dale) og alpakka – litt sånn moderne 80-tals. Genseren er av blir til medan du strikkar, så eg måtte prøve meg litt fram. Dei to fyrste forsøka vart for vide, og halsen spekulerte eg mykje på. Raglan er enkelt og greit, med denne mohairskya av ein genser gjorde at eg måtta ha litt opning i halsen.


Knappane er frå smykkeskrinet. Dei kjem frå Hartzgården sølvsmie og er kopiar av gamle knappar. Eg har fått desse av farmor for mange år sidan og har spart det til noko til meg sjølv. Då passar det godt at genseren er perfekt til farmor-ringen min - den ho fekk av farfar då dei forlova seg.


3 kommentarer:

Tanja sa...

VELDIG fin! Ein gensar som ein kan bu i :-)
Tanja :)

Rosenhufsa sa...

Det så ut som en genser man aldri tar av seg igjen! :) Og en nydelig ring!

tante Gunn sa...

Den gamle tanta måtte no snufse litt både av genser og ring, stor klem til fiine tantungen min :o)