11/15/2009

For jenter med fart og sjølvtillit

IMG_6247.JPG
I haust kom ei ny jente inn i liva våre. Rykta hadde gått om ei forrykande jente som heitte Tonje, og at Maria Parr hadde skrive ei fin forteljing frå ein stad som heiter Glimmerdalen. Ingebjørg vart blodfan frå fyrste bokside, så at mamma skulle strikke Tonje-lue var sjølvsagt. Det var ikkje så vanskeleg. De finn mønsteret nedanfor.

Maria Parr er med god grunn nominert til både Brage-prisen og Bokhandlarprisen for Tonje Glimmerdal. Vi kryssar fingrane for den komande veka.

Tonje Glimmerdal-lue
For jenter med fart og sjølvtillit.

Lua er inspirert av Åshild Irgens sine illustrasjonar til boka Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Boka kan du mellom anna kjøpe her.

Garn: Lilla garn med strikkefastheit ca 17 m per 10 cm på pinne nr 4,5-5. Her er det brukt Free Style frå Dalegarn.
Pinnar: Rundpinne nr 4,5 og nr 5.
Storleik: Tonje (Tante Eir)

Legg opp 80 (90) m på pinne nr 4,5. Strikk brot med ei rett og ei vrang maske i 15 (17) omg eller 6 (7) cm. Strikk glattstrikk i 19 (21) cm.

Vreng lua, del maskene på to ulike pinnar og mask sammen slik du ville gjort på skuldra av ein genser. T.d. sy sammen, strikk saman ei maske frå frå kva pinne medan du feller eller fell fyrst og sy saman etterpå. Det siste ligg det ein instruksjonsvideo til her.

No skal lua sjå firkanta ut.

Sy ein frynsedusk i kvart luehjørne. Sy gjennom hjørnet med dobbelt tråd ca 6-7 gongar og knyt godt rundt. Det er viktig at dusken ikkje vert for tung. Då står ikkje frynsene oppover.

Og så er det berre å sleppe jentene ut.

IMG_6246.JPG

14 kommentarer:

Renate sa...

Nå har jeg kjøpt garn og legger opp ;) håper jeg har nok garn. Hvor mange nøster brukte du? Hvor gammel er jenta? Jeg skal strikken til ei på ett så prøver meg med pinne 4 :p

mimouna sa...

Fin lue og tøff jente!

-lin sa...

Genialt!

Tonje Glimmerdal er jo super, hua likeså.

marit sa...

Flott lue og kjempesøt modell!

Svein Nyhus sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Svein Nyhus sa...

Kjempegøy å se luemodell inspirert av illustratørkollega Åshild Irgens' tegninger! Og ja, søt mannekeng - og fin fart og sjøltillit i det siste bildet. Tjohei!

Erle Stokke sa...

Heisan!
I dag har eg vore på Samlaget og feira den nybakte Brageprisvinnaren Maria Parr, og gjett om ho var fin i Tonje-lua nettredaktør-Siri hadde strikka til ho, etter oppskrifta di!

Kanskje Blåmann barnebokklubb kan få leggje ut oppskrifta på heimesida vår? Bokgåve til den kreative og til jenta med fart og sjølvtilit!

STRIKKEMOR(O) sa...

Hua er kjempefin! Eg studerte den på skulen i dag, og konkluderte med at eg må strikke ei sånn ei til tantebarnet mitt i parallellklassa. Ha ei fin helg!

mono sa...

Supersøt lue og modell! Takk for at du deler mønsteret! =)

Siri sa...

Hei Magfly, lua er kjempefin og jeg har lånt oppskriften din og laget et par stykker selv :-) Takk!

ohelene sa...

Flott lue! Tonje Glimmerdal er populær her i huset òg. Skal jammen prøve meg på ei slik lue eller to!

fru Storlien sa...

Tonjelue blir det ehr i huset også - jenter med fart og sjølvtillit er fine jenter!

Kathrine Gregersen sa...

Hei!
Eg har og ei jente som heiter Ingebjørg og me har og lest Tonje Glimmerdal. Fantastisk bok!Fin hue du har laga!

Anonym sa...

HERLIG lue! Den skal jeg strikke til jentene mine - som også har lest og blitt glad i Tonje Glimmerdal <3 Tusen takk for oppskrift :)