9/24/2008

Skumle greier/ Scary things

IMG_0329.JPG

Eg har ein son som har ein plan. Dragegenser har han, dragetøfler er strikka og i går fekk han endeleg tak i bukse i rett grønfarge. Vi var i ein litt større by, så eg tenkte den grøne buksa som sto på handlelista var ei smal sak. Men, nei.

Guten tråla klebutikkar på jakt etter den perfekte grønfargen (og utan forståing for at mamma gjerne skulle sett på nokre kjolar på H&M). Den eine var for mørk, den andre for lys og ei tredje var slangefarga (!). I ei restekasse fann vi endeleg ei strømpebukse i rett grøn nyanse. Dagen var redda!

Det vert vel ein skummel haust. Eit lite lommemonster er også klart.

My son got a plan. He has a dragon sweather, dragon slippers, and yesterday he got green legs as well.

We went to a bigger city with a lot of shops, and he went from store to store to get the right nuance of green. You will get a complete dragon picture when the sweater gets out of the washing machine.

This will be a scary fall. I even knitted a small pocket monster.


IMG_0347.JPG

4 kommentarer:

Tora sa...

Hehe, han høres ut som en herlig fyr!

Anonym sa...

Det blir ikkje tryggt i nabolaget no!Ha ei god helg!

Anonym sa...

Fine dragebein og dritlekre støvlettar, har vore og sett på dei i butikken. Store klemmar frå tante Gunn.

PS. Gledar meg til neste bilde av lønnetreet, men er det ikkje litt lenge og vente ein heil månad??

Anonym sa...

For ein herlig liten kar!! Klart ein må ha strømpebukse som står til resten, og slangefarga bukser blir jo HEILT feil, det må ein jo forstå!!.. ;)

Ha ei fin veke, begge to!

ps: lommemonsteret gjekk rett heim her hos meg!