9/24/2008

Hemmeleg ven/ Secret pal

IMG_0275.JPG

Eg har vore med på fleire hemmeleg ven-rundar på Hobbyboden, men i sommar tenkte eg at eg skulle prøve ein internasjonal variant. ...og gjett om eg vart lurt.

Min hemmelege ven var så norsk som nokon annan, men sendte e-post på engelsk og pakke frå Finland. Eg vart difor veldig overraska då eg fekk ein pakke frå Lillehammer forrige helg. Stor pakke med mykje fint i. Der ser ut for at min hemmelege ven har gjort research-jobben sin godt. garnet, knappane, kremmen, fargane, alt passa meg ganske godt. Tusen takk!

Eg fekk ein pakke i sommar òg, men det var så varmt at eg ikkje heilt greidde å tenke på toving då, så det garnet har stukke seg litt vekk. Det vert vottar når eg får leita litt, så de får vere litt tålmogige.

...og kjøkenhandkleet var sjølvsagt heilt perfekt :-)

My secret pal was a big surprise.

She sent me a package from Finland earlier this summer, and all the e-mails and comments have been in English. I was really surprised when I got a big package from Lillehammer, Norway last weekend.

And she really did her job well. I got yarn, buttons hand cream and more. everything just as I like it. Perfect! Thank you!

Ingen kommentarer: