2/11/2006

OL-utstyret er i orden



I staden for OL-strikk har eg hatt før-OL-strikk, så no har begge ungane OL-genser!

Det er bestemor som har strikka den største til Ingebjørg. Den var ferdig på mandag, og etter det har den sportsgale døtra vår berre tatt den av om natta. Det er kjekt å sjå at noko vert så godt mottatt når bestemor har lagt ned mykje arbeid i ein ny genser. Trur nesten eg må vaske den snart. Spørs kor godt mottatt det vert?

Iver sin genser har eg laga sjølv, men det vart ikkje ferdig før etter at Norge hadde tatt FIRE OL-medaljar. Han er storfornøgd ("Mamma stlikka denser") og måtte ha den på litt før den var heilt ferdig òg. Han forstår ikkje så mykje av OL, men genser med stjerne sånn som Ingebjørg er veldig fint.

Ingen kommentarer: